Vatn

Mikroorganismane i komposten treng vatn for å leve. Omlag 70% fukt er passeleg.

Vert komposten for tørr får mikroorganismane for dårleg tilgang på næring og prosessen går saktare. Vert komposten for våt kan komposten verte anaerob (rotnar) og det vert danna metan.

Brukar du Compostio regulerer du fukta ved å tilsette vatn dersom den er for tørr og ved å ha i meir pellets (karbon) om den vert for fuktig.

Matavfall inneheld mykje vatn og så sant du ikkje tilset ekstra mykje pellets, skal du normalt ikkje ha problem med tørr kompost. Kjem der overskotsvatn på brettet under maskina kan du nok gå ut frå at der ikkje er for tørt inne i komposteringskammeret.