Temperatur

Livsprosessane til mikroorganismane i komposten, skaper varme på same måte som alt anna liv. Er komposten i ein godt isolert behaldar, vil temperaturen stige. Høgare temperatur gjer at prosessen går raskare. Dette nyttar vi oss av under varmkompostering.

I ein vanleg varmkompost brukar mikroorganismane ein god del tid på å få opp temperaturen. I Compostio er der eit varmeelement som gjer at dette skjer svært raskt. Det er ein av årsakene til at Compostio kan lage kompost på  kort tid.

Høg nok temperatur er òg viktig for å sikre at smittestoff vert øydelagt. For høg temperatur derimot, vil ta livet av viktige bakteriar og føre til at komposten mistar viktige eigenskapar. Skal ein få eit godt resultat må temperaturen difor haldast innafor eit visst intervall.

Inne i komposteringskammeret til Compostio ligg temperaturen mellom 43 og 60 grader Celsius (110-140 grader Farenheit). Saman med den regelmessige omrøringa og den konstante luftstraumen, gjev dette optimale forhold for mikroorganismane.

Når temperaturen er komen opp til rett nivå, mikroorganismane har nok næring og er godt i gong med arbeidet sitt, klarer dei sjølve å halde temperaturen oppe. Varmeelementet vert då berre kopla inn om temperaturen fell, som til dømes når det vert lagt i nytt materiale.