Teknologien

Prinsippskisse for Compostio:

  1. Komposteringskammer
  2. Blandebøyle
  3. Kontrollpanel
  4. Luker
  5. Dør til modningskammer
  6. Luftpumpe (ikkje synleg)
  7. Motor (ikkje synleg)
  8. Luftfilter (ikkje synleg)
  9. Skiljeplate
  10. Modningskar
  11. Straumforsyning

Varmkompostering

Compostio driv varmkompostering. Varme, luftstraum og regelmessig blanding inne i komposteringskammeret aukar farten på prosessen slik at maskina kan produsere ferdig kompost på så lite som 2 veker.

Tradisjonell varmkompostering kan ta opp til eit halvt år.

System med to kammer

Compostio fungerer etter eit to-kammer system. Det øvre kammeret der ein legg inn materialet som skal komposterast, inneheld blandebøylen, lufpumpa, luftfilteret og varmemeelementet.

Under normal drift vert innhaldet i komposteringskammeret blande kvar 4. time. Lufttilførselen er konstant og varmeelementet saman med varmen som komposten sjølv utviklar, sikrar at innhaldet held ein temperatur på mellom 43 og 60 grader. Dette er nok til å hygienisere komposten, altså at eventuelle ugrasfrø, uynskte bakteriar og parasittar ikkje overlever.

Når det øvre kammeret er fullt eller når innhaldet ser ut som kompost, overfører du innhaldet til modningskaret i nedre del av maskina. Dette gjer du ved å trykke på ein knapp på kontrollpanelet merka med «Transfer». Maskina køyrer då gjennom ein ekstra runde med omrøring og snur deretter dreieretning på blandebøylen. Dette fører til at lukene ned til modningskaret opnar seg og komposten fell ned i modningskaret.

La komposten ligge i modningskaret ei ekstra veke. Modningskammeret held høg temperatur og luftpumpa sikrar konstant luftstraum.  Komposteringsprosessen held difor fram når komposten ligg inne i modningskammeret.

APPRO

Compostio er bygd av materialet APPRO. Dette er eit spesielt materiale som er varig, har lett vekt og er energieffektivt. Det har ei rad eigenskapar som gjer det veleigna til bruk i komposteringsmaskiner.

  • Det veg lite men har likvel styrke til å stå imot ytre påverknader utan å ta skade eller endre form
  • Det er motstandsdyktog mot stoff i komposten, varme, kulde, matavfall, feitt, olje og vant. Det dannar ikkje grobotn for mikrbiologisk liv
  • Det er varmeisolerande og hjelper til med å halde temperaturen høg inne i maskina sjølv om der er kuldegrader på utsida
  • Det er 100% resirkulerbart

Rustfritt stål

Alle indre komponentar i maskina er laga av rustfritt stål av same kvalitet som vert nytta i tilverking av matvarer. Det dannar ikkje grobotn for mikrobiologisk liv.

Luftpumpe og luftfilter

Luftpumpa bles luft kontinuerlig inn i maskina og ut gjennom eit filter som tek vekk all lukt. Den konstante luftstraumen fører til at komposteringa går raskare.

Overføringsluker og automatikk

Kompostering har lett for å verte sølete og skitsamt. Compostio med sin innebygde automatikk blandar komposten og overfører den til modning utan at du treng å kome i kontakt med den. Du legg materiale til kompostering inn i toppen av maskina og den ferdige komposten vert lagt pent og pynteleg ned i modningskaret som du kan ta og tømme der det høver. Heile prosessen vert gjennomført reinsleg og luktfritt.

Bruk komposten

Komposteringsteknologien i Compostio gjer at du kan få fersk kompost kvar veke. Komposten kan nyttast med ein gong, men er då svært rik på nitrogen så bruk den med varsemd. Bruk helst ikkje kompost innandørs til stueplanter før det er gått eit par månader, og bruk helst berre små mengder på toppen av plantejorda. Dette gjer at komposten får tilgang på luft og vil halde fram den naturlege nedbrytinga.