pH verdi

Kompost skal ikkje vere sur, den skal faktisk vere litt alkalisk (basisk).

Legg du syrlege materialar i komposten bør du tilsette eit materiale som nøytraliserer syra. Saman med Compostio-maskina kjem litt pellets og litt natron. På engelsk kallar ein natron for «baking soda» og det er lett å tru at det på norsk er det same som bakepulver. Slik er det ikkje – bakepulver vil ikkje gje tilsikta verknad.

Natron vert og kalla bikarbonat og er å få i daglegvarebutikkane. Bakepulver inneheld natron, men har i tillegg eit stoff som nøytraliserer den effekten vi er ute etter. Det er reint natrium bikarbonat som skal nyttast.

Citrusfrukter og annanas er syrehaldige. Har du slike materialar i komposten må du og ha i litt natron.

I staden for natron kan du nytte aske. Det er svært viktig å berre nytte aske som kjem frå rein ved eller reint umåla treverk. Aske er basisk, men eigenskapane kan variere ein del frå tresort til tresort. På denne linken er der god forklaringar om samanhengane. Hald deg til råda du finn her.

Vert komposten sur vil du kjenne at det luktar surt når du opnar luka. Då tilset du litt natron eller aske.