Luft

Det er mikroorganismar som gjer hovudarbeidet under kompostering. Desse pustar og treng difor tilgang på luft for å trivast. Desse organismane pustar ut CO2 slik som dyr og menneskjer gjer. Dette er CO2 som går tilbake til krinslaupet i naturen og bidreg ikkje til å auke nettoinnhaldet i atmosfæren.

Det biologiske materialet som blir kompostert inneheld mykje karbon – karbon er viktigaste byggjeklossen i levande organismar. Svært mykje av karbonet vert verande att i komposten og vert deponert i molda når du bruker komposten til jordforbetring eller gjødsel. Intensivt landbruk og mykje bruk av kunstgjødsel bidreg til at molda får for lite karbon. Dette rettar vi opp ved å bruke kompost.

Prosessen går i fleire vender der forskjellege mikroorganismar gjer forskjellege deler av arbeidet – til dels et dei òg kvarandre. Til slutt er der berre att dei grunnleggjande stoffa frå det komposterte materialet  Dette er stoff som plantene direkte kan gjere seg nytte av.

Ein god kompost er luftig og har evne til å halde på vatn. Den gjev plass til makk og andre småkryp som lever i molda og som er med på å lage gode vilkår for plantene.

Vert der mangel på luft under komposteringa vil anaerobe bakteriar ta over. Då rotnar materialet og det vert danna metan som er ein svært sterk klimagass. Det vil vi for all del unngå.