Kvifor kompostere

Der er mange positive sider ved å kompostere. Det kan vere fordelaktig reint personleg samstundes som det ivaretek viktige samfunnsmessige omsyn.

Dei fleste renovasjonsselskap premierer heimekompostering. Ordningane varier, men dei fleste gir deg redusert gebyr i ei eller anna form – du får altså pengar for å kompostere.

Kompost er framifrå som plantejord, jødsel og jordforbetring. Når du produserer eigen kompost kan du spare utgifter du elles har til hageprodukt. For mange kan dette vere tale om relativt store summar. Det skal godt gjerast å finne komersielle hageprodukt med betre eigenskaper enn kompost, så på toppen av det heile får du framifrå resultat i hagen din.

Dei viktigaste positive verknadane av kompostering og bruk av kompost finn vi i den betydning dette har for det berekraftige framtidssamfunnet. Her er nokre av faktorane:

  • Karbonfangst og karbonlagring – bruk av kompost i berekraftige driftsformer bidreg til at ein byggjer opp lager av karbon og aukar biomassen i molda. Gjort på rette måten har altså kompost negativt karbonavtrykk.
  • Vern av torvmyrar – kompost kan brukast i staden for torvmyr i produksjon av plantejord. Bruk av torvmyr står for ein stor del av norske CO2-utslepp
  • Resirkulerer fosfor – fosfor er naudsynt i jødsel, kjende fosforkjelder varer berre i 20-30 år.
  • Revitaliserer utarma jord – kompost resirkulerer nitrogen og gjødslar jorda samstundes som den byggjer opp at livsformer og strukturar som er naudsynte for å få gode avlingar.

Pofessor Dag Jørund Lønning skriv mykje om kompost og berekraftige landbruksformer på bloggen med det mykjeseiande namnet Komposten. Professor Lønning er og kjend for sine bøker om jord. I berekraftsfilosofien han arbeider for, spelar kompost ei svært stor rolle.