Kvifor Compostio

Dei fleste renovasjonsselskap oppmuntrar folk til å kompostere. Dette fordi det er miljøvennleg og eit viktig tiltak for ei berekraftig framtid. Du får som regel redusert renovasjonsgebyr om du komposterer og du har gjerne færre dunkar å handtere sidan du sjølv tek hand om ein del av avfallet ditt.

Her nokre fordelar ved å bruke Compostio til heimekompostering:

  • Compostio er rask – du kan ha brukandes kompost etter to veker.
  • Compostio er elektrisk – ingen manuell omrøring.
  • Compostio har varmelement og er godt isolert – går like godt sumar som vinter og komposten blir aldri kald.
  • Compostio har vifte – sikar at komposten får kontinuerleg tilførsel av luft.
  • Compostio har luktfilter – ingen lukt slepp ut av maskina.
  • Compostio har ein kontinuerleg prosess – du fyller på jamnt og trutt og tek stadig ut ny kompost, du treng ikkje stoppe fordi bingen er full.

Du treng er ein stad der komposten kan ligge til modning. Ein komposteringsbinge, gjerne ein for kaldkompost, er veleigna. Du kan og la komposten ligge i ei kasse eller kort og godt berre i ein haug i hagen. Det viktige er at den har god tilgang på luft. Den kan gjerne vere utsett for ver og vind. Vil du unngå avrenning av viktige næringsstoff og halde den tørr og lett å bruke, skjermar du den for nedbør.

Kompostering med Compostio er praktisk, enkelt og det går raskt.