Karbon og nitrogen

Mikroorganismane brukar karbon til byggjemateriale og til energi. Nitrogen treng dei for å vekse og formeire seg. Forholdet mellom desse to stoffa må vere rett for at mikroorganismane skal trivast og verte fort ferdige med arbeidet sitt.

Ein høveleg balanse er 25-30 delar karbon for kvar del nitrogen. Matavfall er nitrogenrikt medan papir, papp, trevirke og bork er typiske døme på materialar med mykje karbon.

Skal ein kompostere matavfall må ein tilsette karbon. Produsenten av Compostio har testa fleire typar karbonmateriale og tilrår bruk av trepellets – same sort som vert nytta til fyring. Ein kan og få gode resultat med sagmask eller oppstrimla papir frå makulator. Her er det berre å prøve seg fram.

Får komposten for lite karbon klarer ikkje mikroorganismane å bruke alt nitrogenet. Komposten luktar ammoniakk og vi taper nitrogen til lufta. Det vil vi helst unngå. Vi vil ha nitrogenet som gjødsel i jorda.

Får komposten for mykje karbon, vil prosessen gå saktare og den ferdige komposten vil ha mindre næringsinnhald.

Ein god balanse mellom karbon og nitrogen gjev kompost som både er god gjødsel og som inneheld store mengder karbon, noko som livet i molda treng og som bidreg til å gje molda ein luftig og god struktur.

Det at ein tilset karbon under kompostering gjer at ein bidreg til å deponere karbon i molda når komposten vert nytte til gjødsel og jordforbetring. Dette er grunnen til at kompostering faktisk har negativt karbonavtrykk!