Ny renovasjonsordning for Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR)

Dei som soknar til SSR opplever i desse dagar at den nye renovasjonsordninga etter kvart vert sett i verk. Dette skjer gradvis og dei første abonnentane har allereie fått utlevert ein ny dunk som skal nyttast til «våtorganisk avfall» – det vil sei matavfall.

Mange skulle nok gjerne vore denne ekstra dunken forutan – det vert meir enn nok dunkedraging med dei to ein alt har.

Vi har ei gladmelding til alle som kan tenkje seg ein enklare kvardag. Startar du heimekompostering og inngår avtale om det med SSR, slepp du den ekstra dunken. Dessutan får du redusert renovasjonsgebyr med drygt 500 kroner per år.

Som ein ekstra bonus får du rikeleg med god kompost som du kan nytte i hagen til gjødsel eller jordforbetring. Har du ikkje hage? Har du verandakasse med blomster kan du nytte komposten der. Du kan og nytte den til stueplanter. Har du framleis for mykje kan du gje den vekk til noko som har nytte av den. God kompost er ei verdfull og etterspurd vare.

Her er informasjon om heimekompostering på SSR sine web-sider. Som du ser nederst på sida er Compostio godkjend av SSR.

Med Compostio vert komposteringa praktisk, enkel og rask. Livet vert betre og enklare på fleire vis og så er der pengar å spare både ved lågare renovasjonsgebyr og ved sjølvlaga gjødsel.

Du blir glad av å kompostere!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *