Heim

Velkomen til heimesida for Compostio.

Compostio er ei amerikansk komposteringsmaskin til heimebruk. Den er eit praktisk reiskap som enkelt og raskt lagar kompost av matrestar og biologisk avfall.

Maskina går på straum og har automatikk slik at den passar seg sjølv. Dine oppgåver er å mate den med avfall og tøme den for kompost. Normalt bruker den eit par veker på prosessen.

Praktisk

Compostio kan vere del av innreiinga på kjøkkenet. Den lagar litt lyd, så det er nok best å ha den inne i eit skap eller liknande, slik vi ser på filmen.

Som du ser treng du ikkje søppelbøtte når du kan leggje matavfallet rett i Compostio-maskina.

Compostio kan og stå i kjellaren, i ei bod, i garasjen eller endå til ute, men då bør den nok skjærmast litt for ver og vind.

Maskina er elektrisk og vert levert med straumforsyning. Den går på 12V så den kan òg nyttast på stader der ein berre har tilgang til slik straum.

 

 

 

Enkelt

Du fyller på med matrestar og anna biologisk avfall frå heimen. Deretter legg du òg i litt pellets, sagmask eller liknande og kanskje ein liten dose natron (vert òg kalla bikarbonat).

Du let att loket og lar maskina passe seg sjølv. Automatikk, varmeelement og pumpe sikrar at komposten held rett temperatur, vert godt blanda og får jamn tilførsle av luft. Eit filter tek vekk all lukt.

Eit tynt plastbrett skal stå under maskina og fange opp overskotsvatn. Ta det vekk etter kvart. Du kan gje det til planter eller spreie det på plenen. Det er god gjødsel.

Etter omlag ei veke er maskina klar for å bli tømd. Du tek ut ferdig kompost frå eit modningkar i botnen av maskina og trykker på ein knapp.

Maskina opnar då nokre luker slik at innhaldet i komposteringkammeret ramlar ned i modningskaret. No kan du starte ein ny sekvens med å fylle på materiale som skal komposterast.

Raskt

Compostio lagar kompost på omlag 2 veker. Slik rykande fersk kompost er svært sterk og må brukast med omtanke. Den kan blandast ut med jord eller strøast varsamt ut som toppdekke i blomsterbed eller på plenen.

Det beste er å la komposten få ei ekstra periode med modning før den vert nytta til gjødsel eller jordforbetring. La komposten ligge luftig og fritt tilgjengeleg, gjerne ute under open himmel. Etter kort tid vil komposten trekke til seg meitemakk og nyttige insekt.

Du kan òg nytte komposten til stueplantene. Vær då særleg varsam og unngå at den kjem i direkte kontakt med plantene. Legg den på toppen av plantejorda slik at den får godt med luft.

Blogg

Ny renovasjonsordning for Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR)

Dei som soknar til SSR opplever i desse dagar at den nye renovasjonsordninga etter kvart vert sett i verk. Dette skjer gradvis og dei første abonnentane har allereie fått utlevert ein ny dunk som skal nyttast til «våtorganisk avfall» – det vil sei matavfall. Mange skulle nok gjerne vore denne ekstra dunken forutan – det vert meir enn nok dunkedraging med dei to ein alt har. Vi har ei gladmelding til alle som kan tenkje seg ein enklare kvardag. Startar du heimekompostering og inngår avtale om det med SSR, slepp du den ekstra dunken. Dessutan får du redusert renovasjonsgebyr med drygt 500 kroner per år. Som ein ekstra bonus får du rikeleg med god kompost som du kan nytte i hagen til gjødsel eller jordforbetring. Har du ikkje hage? Har du verandakasse med blomster kan du nytte komposten der. Du kan og nytte den til stueplanter. Har du framleis for mykje kan du gje den vekk til noko som har nytte av den. God kompost er ei verdfull og etterspurd vare. Her er informasjon om heimekompostering på SSR sine web-sider. Som du ser nederst på sida er Compostio godkjend av SSR. Med Compostio vert komposteringa praktisk, enkel og rask. Livet vert betre og enklare på fleire vis og så er der pengar å spare både ved lågare renovasjonsgebyr og ved sjølvlaga gjødsel. Du blir glad av å kompostere!